Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Endring på faktura for kommunale gebyr

Feiing og branntilsyn er nye faste kommunale gebyr.

I staden for at du får ei stor rekning etter utført feiing/tilsyn, vert gebyret nå fordelt på alle terminane.
Den nye ordninga er gjeldande frå 2024 og er vedtatt i kommunestyret. Feiing/tilsyn vil som tidlegare bli utført etter behov.
Alle vil derfor ikkje få like gebyr på sin faktura, men gebyr for utført teneste vil vere lik.

Sidan gebyra ikkje er lagt inn tidlegare, vil dei som mottek faktura oftare enn to gonger pr år få ei litt større rekning første gongen. Dette fordi gebyra gjeld frå 01.01.
Dette vil rette seg på neste termin.

Dei som har to terminar vil i år få heile det årlege gebyret på faktura for 2. termin. Gebyra vil uansett bli fakturert jf. behov.

Gebyret blir fordelt på kor ofte du har branntilsyn og evt feiing.

Om du f.eks skal ha branntilsyn kvart 8-ande år, vil det stå 1/8 under andel på fakturaen.
1/1 betyr årleg, 1/2 betyr kvart 2. år og 1/4 betyr kvart 4. år, osv. 

Dersom du har spørsmål, ta kontakt: post@hbr.no eller ring (+47) 96 62 54 256 62 54 25

Sist endret: 22.08.2024