Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Kulturpris 2024 - Ola Rusto

Kulturprisen 2024

Tale ved leiar av Hovudutval for Livsløp - Norun Rivedal:

Hemsedal kommune sin kulturpris har som føremål å hjelpe fram kulturarbeidet i kommunen. Det er Hovudutval for Livsløp som tildeler prisen, og som leiar i utvalet har eg æra og gleda av å få dele ut prisen i dag. Det brukar ofte skje på 17 mai, men i år vart det her på Historiekafe, på Flatbrødbakeriet «Ein smak tå Hemsedal». Ramma kunne ikkje vore betre.

Kulturprisen kan tildelast:

  • Ein eller fleire personar, institusjon eller organisasjon som har vist evne og vilje til å yte kulturinnsats ut over det vanlege.
  • Ein bygning eller eit bygningsmiljø som i særleg grad tek vare på den lokale byggeskikken
  • Ein eller fleire personar, institusjon eller organisasjon som har utmerka seg gjennom idrettsprestasjonar.

Årets prisvinnar har faktisk element frå alle desse kategoriane. Han kan vise til ein usedvanleg kulturinnsats gjennom meir enn ein mannsalder. Likevel trur eg mange i bygda er forholdsvis ukjend med den innsatsen og det viktige arbeidet som prisvinnaren står bak. Han er nemleg ein som jobbar bak i kulissane, som stillfarande ikkje stikk seg fram, men som gjennom sitt hardtarbeidande liv har ytt ein stor innsats for Hemsedal. Prisvinnar, Ola Rusto, har i imponerande stort omfang teke vare på vår lokale byggeskikk.

Byggeskikk vart av Eilert Sundt i 1862 definert som den folkelege praksisen for husbygging, og han konstaterte at denne praksisen var tufta på uskrivne reglar som folk innanfor eit geografisk område var einige om.


Slik lokal praksis, uttrykk, materialbruk og løysingar gir Ola Rusto gjennom sitt arbeid vidare til komande generasjonar. Han har bidrege til Riksantikvarens mål om at fleire kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap blir teke vare på for framtida. Dette arbeidet er ressursar for kunnskap, opplevingar og bruk både no og i framtida.


Ola Rusto har restaurert og teke vare på opp mot 50 gamle bygningar. Det er blant anna lafta hus, løer, stølshus, fjøs, stabbur, bustadhus og hytter, -mange av dei med torvtak.

Me kan sjå arbeidet hans på eigen gard Rusto og Rustehaug, på andre gardar i bygda, på tre stølar i Bulien - blant anna stølen Preinsrud ved oppgangen til Svarthetta og den gamle steinbua du ser på veg opp til Raudberg.


Der andre har gitt opp eit stølsfjøs i svært dårleg stand, har Ola sett moglegheiter, rulla ned og sett opp att. Arbeidet omfattar også vedlikehald og rydding av gamle stigar og vegar i heimfjella over garden og i stølsgrenda Bulien.


Det er tidkrevjande arbeid, som krev tolmod, og det er stort sett utført på kveldar og helger. Han er no pensjonist, men han kjedar seg ikkje, han har visstnok fleire spennande prosjekt på gang.


Her i Flatbrødbakeriet på Tuv, er også snekker arbeidet utført av han. Bakerilokalet bak her, er hans verk, -slik dei to tidlegare flatbrødbakeri-lokala også var det.

Ola Rusto fyller også fleire av kriteria for kulturpris.


Eit søk i Hallingdølens arkiv gir nemleg mange relevante treff. Han har vore aktiv med styreverv og anna frivillig arbeid i desse laga i Hemsedal:

Landslaget for Hjerte- og lungesjuke, Røde Kors, Hugnadheim/Samhald Ungdomslag leikarring, Idrettslaget.

Midt på 70-talet kan ein faktisk finne at han var i styret i både Friidrettsgruppa, Røde kors og Hugnadheim. Og i 1983 var han også med i nemnda som førebudde nysatsinga «Kulturviku i Hemsedal». Det er altså breidde, og svært ulike felt av kulturlivet i bygda som har hatt glede av innsatsen hans.

Ein ser også at Ola Rusto kan skilte med ei rekkje idrettsprestasjonar; han er å finne på resultatlister innanfor hopp, langrenn og orientering allereie frå 1960 – heilt opp til 2006! Det er minst 46 aktive år det!

Eg er ganske sikker på at den lange idrettskarrieren har lagt grunnlaget for den forma og det uthaldet som krevst for å stå i den tunge fysiske jobben med restaurering og bygging gjennom så mange år.

Ola Rusto er ein verdig vinnar av Kulturprisen for 2024. Gratulerer og takk!
Hemsedal, 05.09.24

Sist endret: 05.09.2024